Takst vest AS er eit etablert takstfirma som no flyttar lokalitet til Sogndal og har Sogn og Voss som hovudområde.
Takst vest har per i dag 1 tilsett.
Endre Haga Vange:
Utdanna tømrar, byggingeniør og takstmann i Norsk Takst.
Før overtagelse av Takst vest AS har Endre praktisert som takstmann i 5 år, i eit av dei største takstfirmaene i Noreg: Takst team AS.
I løpet av dei 5 åra har han opparbeida seg god erfaring med verdi- tilstandsrapportar, skadetaksering, byggjelånsoppfylgjing og reklamasjonar.
Med bakgrunn i arbeidet utført i Takst team AS har Takst vest AS frå 01.08.2019 fått innpass i det landsomfattande nettverket Takstnett.